|
To løparar frå Hallingdal hadde
kvalifisert seg til Vikingrace 2006 i Heerenveen, Nederland. Løpa
vart arrangerte i Thialf ishall fredag 10. og laurdag 11. mars.
Sigbjørn Eide frå Gol og
Roger Reinton frå Hol deltok i Vikingrace 2006. Ei
kjempeoppleving å lov til å få vere med på dette, seier Sigbjørn.
Busstur gjennom Europa, tur med Kielferga, tur med danskebåten og
skøyteløp med konkurrentar frå heile verda er opplevingar som
festar seg hjå unge utøvarar. Etter
fall i første løpet gjorde Sigbjørn ein fin innsats. Han senka den
personlege rekorden sin med over eitt sekund. Les
meir om Vikingrace 2006 |
 Startlistene
var interessant lesnad på morgonkvisten. Her har f.v. Andreas Minge,
Martin Raanum Haakestad og Sigbjørn Eide kasta seg over listene. Klokka
er ca 07.00. |