ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

-Tønsberg stadion

VIKINGLØPET 2012

Vikingløpet i Tønsberg vart arrangert helga 28. og 29. januar. Utfordrande forhold. Særleg var vinden utfordrande for løparane.  

Sidan dette løpet var uttakingsløp til Vikingrace i Heerenveen, var det ekstra sterk kniving om dei fremste plassane i kvar klasse. Vikingrace vert også kalla uoffisielt VM på skøyter for ungdom. Løpa har deltakarar frå mange store  skøytenasjonar.

Tre løparar frå Hallingdal fekk tilbod om å representere Norge under løpa i Nederland i mars. Desse er Hilde Magnetun Brennhovd frå Gol i klasse jenter 14 år, Kristian Reinton og Henrik Fagerli Rukke frå Hol i klasse gutar 14 år.

Vikingløpet vart dessutan ei kjempefin skøytehelg for dei andre deltakarane frå Gol og Hol. Fleire av dei som ikkje hadde klart kravet til deltaking i landsmeisterkapen i Harstad klarte det denne helga. Mange sette utandørs persar og Hilde sette til og med totalpers på 500 i vindkasta. Flott jobba!

Resultata frå Vikingløpet 11-16 år

Resultata frå Vikingløpet 10 år laurdag

Resultata frå Vikingløpet 10 år sundag

 

 

 

 

Her ser vi Hilde på pallen etter ein av sine 3 andreplassar i Vikingløpet.