|
-Tønsberg stadion
VIKINGLØPET 2011
Vikingløpet i Tønsberg vart
arrangert helga 29. og 30. januar. Fin temperatur, sol og fine isforhold gjorde det triveleg å vere på utandørs skøyteløp.
Sidan dette løpet var uttakingsløp til Vikingrace
i Heerenveen, var det ekstra sterk kniving om dei fremste plassane i
kvar klasse. Vikingrace vert også kalla uoffisielt VM på skøyter
for ungdom. Løpa har deltakarar frå mange store skøytenasjonar.
Tre løparar frå Hallingdal fekk tilbod om å representere Norge
under løpa i Nederland i mars. Desse er Hilde Magnetun Brennhovd frå
Gol i
klasse jenter 13 år, Kristian Reinton og Henrik Fagerli Rukke frå Hol
i klasse gutar 13 år.
Vikingløpet vart dessutan ei kjempefin skøytehelg for dei andre
deltakarane frå Gol og Hol. Dei som ikkje hadde klart kravet til
deltaking i landsmeisterkapen i Stavanger i februar klarte det denne
helga. Flott jobba!
Resultata
frå Vikingløpet
|

Her ser vi løparane og trenarane frå Gol og Hol
(Hallingskjær) som deltok i Vikingløpet. Trenarane var svært nøgde med
innsatsen til løparane. |