ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

-Tønsberg stadion

VIKINGLØPET 2006

Vikingløpet i Tønsberg vart arrangert helga 28. og 29. januar. 6-7 kuldegrader, sol og fine isforhold gjorde det triveleg å vere på utandørs skøyteløp. 

Sidan dette løpet var uttakingsløp til Vikingrace i Heerenveen, var det ekstra sterk kniving om dei fremste plassane i kvar klasse. Vikingrace vert også kalla uoffisielt VM på skøyter for ungdom. Løpa har deltakarar frå 10 nasjonar, m.a. frå USA.

To løparar frå Buskerud fekk tilbod om å representere Norge under løpa i Nederland i mars. Desse er Sigbjørn Eide frå Gol i klasse gutar 11 år og Roger Reinton frå Hol i klasse gutar 15 år. Roger har vore med på dette tidlegare, for Sigbjørn vert dette internasjonal debut.

Nille Martha Norhaug Faleide var med til Heerenveen i fjor. Ho låg også godt an etter første dag av stemnet i år. Desverre var ho uheldig å falle i eine løpet sitt på sundagen.

Resultata frå Vikingløpet

 

Eg er svært glad og stolt over å få lov til å representere Norge i Heerenveen, seier Sigbjørn.