ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

NILLE MARTHA TIL VIKINGRACE I HEERENVEEN

Golingsjenta Nille Martha Norhaug Faleide har fått plass på det norske laget til Vikingrace i Heerenveen (uoffisielt VM på skøyter for ungdom). Ho vart utteken på bakgrunn av den gode innsatsen ho gjorde i Hallingdalskarusellen for kort tid sidan. Nille Martha har hatt ein kjempeframgang denne sesongen og vert no altså løna med å få lov til å representere med NORGE på drakta. Sist helg vart ho nr. 3 på 500 meter i si klasse i Sandefjordløpet som vart arrangert i Vikingskipet. Ho er 12 år gammal og er sjølvsagt svært spent på kva det inneber å debutere internasjonalt.

Gruppa er sjølvsagt stolte over å ha ein representant på Norge sitt lag i Heerenveen. Vi ønskjer god tur og lukke til.

 

 

 

 

Nille Martha Norhaug Faleide er klar til start for Norge i Heerenveen.