|
I
samanheng med at sykkelgruppa til Norges Funksjonshemmedes
Idrettsforbund (NFI) hadde sykkelsamling i Moseldalen i Tyskland i påska,
var Odd Borgersen og underteikna (Håvard Myklebust) så heldige å få
vere med som pilotar på tandemsykkel. Vi reiste med ferga til Kiel og
vidare 7 timar langs tyske motorvegar, der Odd fekk sjangsen til å
"bånne" speedometeret på Hiace'n!
Sjølv
om stemninga i starten var litt laber, steig den etterkvart som vi vart
betre kjende og det vist seg at "funkis'ane" (som dei sjølv
kalla seg) var ein gjeng gledesspreiarar! I tillegg til den
livlege gjengen med utøvarar, hadde vi med oss eigen mekanikar, matmor
og masør. Alt var med andre ord tilrettelagt, så alt vi
trengte å gjere var å sykle!
Å
sykle tandem var for meg heilt nytt, men når været er bra lærer ein
halling som meg raskt! Det vart etterkvart fleire langturar, intervallar
og styrketråkk. Den eine dagen (den einaste utan sol) sykla vi
tur/retur Luxembourg. Dette var ein flat og fin tur på 15 mil, der
underteikna gjorde ein taktisk bommert og holdt på å snu 250m frå
Luxembourg. Men heldigvis hadde Odd funne marsjfarten, og som vi alle
veit er ikkje han den som stoppar fyrst då, så vi kom oss over brua og
dermed over grensa.
Ettersom
Odd endeleg etter 8 dagar med sol og sykling uttala at han og var
"litt" sliten var det greit å vende nasen heimover etter ei
knallbra samling som gav ein flying-start på skøytesessongen 2003!
Håvard
Myklebust
|