ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

HALLINGDALSKARUSELLEN 2003

-med kjempefine forhold og tider i fremste klasse

    

Påskevêr er vel den beste måten å beskrive forholda under Hallingdalskarusellen på. 

Isen var også av beste klasse både på Gol og i Hol. Det var generelt mange gode tider og det vart banerekordar på 3000 meter på Gol og på 5000 meter i Hol. Begge rekordane stod Preben Kristensen frå Fana for. Rekorden i Hol vart sett på dagen 12 år etter at Johan Olav Koss sette den forrige rekorden under NM i 1991. 

For deltakarane frå Buskerud vart det lagt inn kretsmeisterskap på enkelte distansar under Hallingdalskarusellen. 

Resultatliste KM 

 

Det vanka takk og gode ord til Preben Kristensen både etter rekorden på 3000 på Gol og 5000 i Hol. 

Her ser vi finalelaga i stafetten på startstreken.

4 x 400 meter stafett. Eit interessant og avvekslande innslag syntes deltakarane på slutten av første dag av Hallingdalskarusellen. Innsatsviljen og konkurransegløden viste seg å vere like sterk sjølv om stoppeklokka ikkje var i bruk. Her var det lagånd og laginnsats som var viktig. Ingen lag kunne overstige totalt 50 år. I år var det Stord som stakk av med sigeren i stafetten, like føre fjorårsvinnaren Fana.
Jammen godt at vi framleis kan oppleve skøyteløp på "gamlemåten" (les utandørs). Dette var omkvedet under løpa i Hallingdal i helga. Alle vi snakka med var samde i at slike dagar er det ute ein skal vere; i klar frisk luft med sola som varmekjelde.

Her har rekruttane fått premiane sine etter løpa på Gol.

Hallingdalskarusellen er ei massemønstring for alle aldrar. Yngste løpar var 4 år medan eldste var 64. Imponerande innsats av desse og alle dei andre store og små som gjorde skøytehelga til ein fest.