ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

-liv og røre på Glitre............

SKØYTESKULE

Skøytegruppa startar opp med skøyteskule for ALLE på Glitre stadion på Gol torsdag 24. november.

Dei som vil vere med, møter fram på skøytebana torsdagane kl. 18.00. 

Vi held på ca 1 time. 

NB! Er det under -15 avlyser vi. 

Ein del torsdagar i vinter arrangerer vi klubbløp for alle. Då er det også sal av vaflar, kaffi og saft i klubbhuset.

Har du ikkje skøyter, kan du leige det ved skøytebana. Vi har både lengdeløps- og hockeyskøyter. 

Vaksne som vil gå på skøyter (prøve å gå på skøyter) er også hjarteleg velkomne. Foreldre og besteforeldre (og andre) må gjerne ta med skøyter og følgje borna på isen. 

Det er liv og røre på Glitre torsdagskveldane (arkivfoto).