ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

SKØYTEBRYLLAUP PÅ GOL 22. JUNI 2002

Ester Stølen og Lasse Sætre gav kvarandre sitt JA i Gol kyrkje laurdag 22. juni.

Ester Stølen og Lasse Sætre gifta seg i Gol kyrkje laurdag 22. juni. Skøytegruppa i Gol IL overraska dei nygifte med å danne espalier av skøyter og norske flagg ved kyrkjedøra.

Opplevinga for dei frammøtte stod ikkje noko tilbake for nyleg mykje omtala prinse- og prinsessebryllaup. Her fekk dei sjå ei skøyteprinsesse som gifta seg med ein skøyteprins.

Kjendisfaktoren var heller ikkje dårlegare enn i dei tidlegare bryllaupa - i alle fall ikkje for skøyteinteresserte.

Vi i Skøytegruppa ønskjer til lukke med dagen og framtida.


Skøytegruppa sine nett-sider er laga og vedlikehaldne av: Gisle Eide

Sist oppdatert: 30.04.09 16:29