|
|
Premiar til alle som har vore på isen i vinter vart utdelte under tilstellinga på Pers hotell. -rekordoppslutning også denne vinteren SKØYTEAVSLUTNING 2009
Kvart år, når isen har gått i oppløysing på skøytebana på Glitre,
arrangerer skøytegruppa på Gol årsfest. Idrettslaget sitt klubbhus var i
mange år tilhaldsstad for denne årlege markeringa. Ei nesten eksplosiv auke av
deltakarar på skøyteskule og klubbløp tvinga oss i 2006 til å
sjå oss om etter større lokalitetar. Bjørnehallen på Pers hotell vart
redninga og der har vi vore i åra etterpå. Der fekk vi også vere med festen vår 15. april i år.
Langt over 100 store og små skøyteløparar mottok denne kvelden beviset på at dei har gjort ein innsats på skøyteisen denne vinteren. For mange var nok dette høgdepunktet dei har venta på. Når det i tillegg var fest med kaker, bollar og brus og framsyning av bilde frå vinterens høgdepunkt på isen, var nok dette nesten som ein einaste stor bursdag. Ein festkveld også for foreldre og besteforeldre som kosa seg i lag med dei yngste. Så var det berre å vente på neste skøytesesong. |