ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

Premiar til alle som har vore på isen i vinter vart utdelte under tilstellinga på Pers hotell.

-rekordoppslutning også denne vinteren

SKØYTEAVSLUTNING 2007  

- tekst Gisle Eide / foto Helge Fivelstad

Kvart år, når isen har gått i oppløysing på skøytebana på Glitre, arrangerer skøytegruppa på Gol årsfest. Idrettslaget sitt klubbhus var i mange år tilhaldsstad for denne årlege markeringa. Ei nesten eksplosiv auke av deltakarar på skøyteskule og klubbløp dei siste åra tvinga oss i fjor til å sjå oss om etter større lokalitetar. Bjørnehallen på Pers hotell vart redninga. Der fekk vi også vere med festen vår 19. april i år.  

Langt over 100 store og små skøyteløparar mottok denne kvelden beviset på at dei har gjort ein innsats på skøyteisen denne vinteren. For mange var nok dette høgdepunktet dei har venta på. Når det i tillegg var fest med kaker, bollar og brus og framsyning av bilde frå vinterens høgdepunkt på isen, var nok dette nesten som ein einaste stor bursdag. Ein festkveld også for foreldre og besteforeldre som kosa seg i lag med dei yngste. Så var det berre å vente på neste vintersesong.

SPESIELLE UTMERKINGAR         FLEIRE BILDE FRÅ FESTEN