ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

SESONGAVSLUTNING 2003

Torsdag 10. april arrangerte skøytegruppa sesongavslutning for både store og små. Mange forventningsfulle små hadde teke med seg mamma og pappa til klubbhuset på Hallingmo. For mange er det høgdepunktet for året å motta premien for gjennomført skøytesesong. 

Premiebordet på sesongsvslutninga 2003.

Skøytegruppa på Gol har god rekruttering. På bildet til venstre ser vi premiane ungane fekk for innsatsen i sesongen 2002/2003.  Av meir spesiell premiering kan vi nemne at

vandrepokalen i 12 år gutar gjekk til Martin Engene Øyan.

pokal for framgang/motivasjon gjekk til Ingrid Eide.


 

 

Dei mange frammøtte kosa seg med kaffi, brus og kaker innimellom

utdeling av premiar og sosiale aktivitetar. 

 

 

Gruppa sin prestasjonspokal vart ikkje delt ut denne gongen. Fleire aktive var for jamne til at det let seg gjere å prioritere den eine sine prestasjonar framfor andre.