|
|
SESONGAVSLUTNING/KARRIEREAVSLUTNINGTorsdag 2. mai hadde skøytegruppa både sesongavslutning for alle løparane og markering av karriereslutt for klubben sin fremste løpar gjennom mange år - Ester Stølen. Stor stas for dei yngre løparane var det at ho også hadde med seg sin tilkomande mann, Lasse Sætre.
Skøytegruppa på Gol har god rekruttering. På bildet til venstre har dei fått premiane sine for innsatsen i sesongen 2001/2002. Ekstra moro denne gongen var det å få premiane sine av Ester Stølen og Lasse Sætre. Vil du sjå fleire bilde frå avslutningsfesten kan du klikke her (OBS! Kan ta lang tid å opne første gong). Av meir spesiell premiering kan vi nemne at vandrepokalen i 12 år jenter gjekk til Birgitte Jorde pokal for framgang/motivasjon gjekk
til Line Engene prestasjonspokalen gjekk til Håvard
Myklebust Ester vart heidra for den lange og gode innsatsen sin både av skøyte gruppa v/leiar Ola Halvar Jorde, idretts laget v/leiar Arve Rustberggard og Gol kommune v/ordførar Jan-Halvard Brekko. Frå skøyte forbundet hadde Magne Teigen sendt helsing med statistikk over heile skøytekarriera hennar.
Både Ester og Lasse stilte villige opp både til utdeling av premiar og skriving av autografar. Dei mange unge løparane var ikkje seine om å stille seg i kø ved "autografbordet". Det å få premiar og autografar frå løparar i lands- og verdstoppen vil "dei unge håpefulle" heilt sikkert hugse lenge.
|
|
Skøytegruppa sine nett-sider er laga og vedlikehaldne av: Gisle Eide Sist oppdatert: 22.01.12 23:29
|