|
Etter 11 år med Rådeløp i
Vikingskipet takka Vidar Skaar og Råde IL for seg - nesten.
Arvtakaren, Sandefjord skøiteklub, hadde fått med seg Vidar som
overdommar på årets Sandefjordløp.
Med omlag 400 løparar på startstreken er dette ei
oppleving for både store og små skøyteentusiastar. Løpet kjem på
tampen av sesongen og sidan det går innandørs vert det notert
utruleg mange personlege rekordar.I år nerma det seg 700 persar i
løpet av ei hektisk skøytehelg.
|
 Sandefjord
skøiteklub har teke i bruk skøyteprogrammet "GlitreTid".
Oddbjørn Jorde frå Gol, som har utvikla programmet, var med i
arrangørstaben. |
 F.v.
Martin, Leutrim og Simen kan vere svært nøgde med sin eigen innsats
i Sandefjordløpet. |
Golingane kan vere godt nøgde med sine eigne prestasjonar under
Sandefjordløpet. Gode prestasjonar og godt humør i leiren. Ei flott
skøytehelg.
Banketten som arrangøren hadde stelt i stand på laurdagskvelden vart
også ei minneverdig stund. Mange og gode innslag og eit
"veltrimma" arrangement.
Sjå resultata på
Sandefjord skøiteklub sine nettsider.
|