|
For tredje år på rad arrangerte Sandefjord
skøiteklub Sandefjordløpet i Vikingskipet på Hamar. Løpet er ein
arvtakar av Rådeløpet som gjekk i 11 år før dette. Overdommar for
stemnet også dette året var primus motor for Rådeløpet Vidar Skaar.
Med over 400 løparar på startstreken er dette ei
oppleving for både store og små skøyteentusiastar. Innandørs og
med ein lufttemperatur på 12-15 plussgrader vart det sett mange
hundre personlege rekordar.
|
 Sandefjord
skøiteklub har teke i bruk skøyteprogrammet "GlitreTid".
Oddbjørn Jorde frå Gol, som har utvikla programmet, var med i
arrangørstaben. |