|


ADMINISTRASJON
BRUKTBUA
NC 8 2012
SAMLINGAR/LØP
SKØYTELINKAR
STYREMØTE
TERMINLISTER
TIL DAGLEG
| |
RÅDELØPET I VIKINGSKIPET
ÅRETS STORE MASSEMØNSTRING
Det ellevte Rådeløpet gjekk av stabelen i Vikingskipet 1. og 2. mars. Hallingane
viste seg fram med mange gode resultat. Løparane sette mange personlege rekordar og resultata elles
viser at vi ikkje ligg tilbake for løparane frå andre stader i landet.
 Her
ser vi nokre av hallingane slappe av på tribuna. |
RESULTATSLISTER
Hallingane utgjorde ein heil koloni under Rådeløpet
i Vikingskipet. Med skøyteutstyr, matpakkar og termosar kosa dei seg alle
som ein. Medan nokre tok del på og rundt bana inntok dei andre tribuna.
Heiaropa til hallingløparane var ikkje vanskelege å høyre i norges
"skøyte-storstove".
|
| Rådeløpet er, med sine godt over 400 deltakarar er
ei gigantmønstring av unge skøyteløparar. Ikkje minst er dette dei
yngste si årlege store skøyteoppleving. Å få kome til Vikingskipet, å
få møte så mange andre jamnaldrande skøyteinteresserte og å få sjå
dei større i aksjon er minner dei lever lenge på. |
 Etter
full fart heile helga var det godt med ein liten kvil. |
Topp innsats, humøret på topp og personlege rekordar i
fleng.
|