|
Sykkel og skøyter høyrer godt i saman. Etter at to golingar vann
Merida Cup i terrengsykkel for sykkelklubben Andebarkji, er det artig å
sjå at golingar også kan hevde seg på racer- sykkel.
Skøytesenioren Håvard Myklebust debuterte i landevegsrittet Øyeren
Rundt med ein delt 3. plass i sin klasse (19 rytterar), i det han kom i
mål saman med hovedfeltet på 41 rytterar. Hovedfeltet oppnådde dagens
nest beste tid totalt. I alt deltok 173 mannlege rytterar. Blandt
rytterane finn vi elles andre skøytenamn som Erik Vea og Geir Nyland
(begge som del av hovedfeltet), og tidlegare toppidrettsansvarleg i skøyteforbundet
og internasjonal toppidretts- syklist Jon Ragnfred Hansen.
Sistnemnte vart slått av hovedfeltet med nær 7 min.
Sykkelrittet var 125 km langt i krevjande og fartsfylt løype. Håvard
unngjekk så vidt ein massevelt i unnabakke i ca 55 km/t. Som i VM venta
dei fleste rytterane på dei uheldige rytterane, før feltet tråkka
vidare.
|