ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

Vikingskipet

ODALSSKØYTA 2007

Gol stilte med heile 10 deltakarar i løpet Odalsskøyta 2007 i Vikingskipet sundag 30. september. Alle gjorde ein flott innsats og nesten alle sette personlege rekordar. 

Løparane hadde ei treningsøkt på isen dagen før. For dei fleste av dei yngste var dette einaste isøkta sidan i mars. Dei flotte resultata må difor i stor grad tilskrivast barmarkstreninga dei yngste har hatt med Birgitte og Martin.

Dei fleste løparane var også med på Buskerud skøytekrets si treningssamling på Hamar 1. og 2. oktober.

Vi gler oss til neste løp med dei ivrige løparane våre. 

Sjå resultatlister

Her er golingane i klasse rekrutt og klasse 10 år klare for premiering etter ein flott innsats. Trenar Gisle Eide var svært nøgd med både desse og dei eldre løparane sin innsats (foto: Kari Kaupang Eide).