|
Nille Martha Norhaug Faleide frå Gol
har gjort stor framgang så langt i sesongen. Med knallsterke tider
og siger i klasse jenter jr C i Hamarlekene var billetten til sprint
NM klar.
Etter å ha
representert Norge i landskamp i Tyskland 1. og 2. desember gjorde
Nille ein kjempeinnsats under Hamarlekene 15. og 16. desember.
Tidene 45,4 og 44,5 på 500 meter og 1.32,6 på 1000 meter var
kraftige personlege rekordar og gav henne samanlagtsigeren i klasse
jr C.
RESULTAT
FRÅ HAMARLEKENE
Vi gratulerer Nille med
NM-plassen.
Med seg på turen til Bjugn har ho også Hege Bøkko frå Hol.
Sjå liste over deltakarane i
NM sprint
her |