|
Her har Hilde
Magnetun Brennhovd (til høgre) fått ein av sine i alt 3 bronsemedaljar
under landsmeisterkapen. Foto:
Kari kaupang Eide.
|
Kjempeflott innsats av alle
deltakarane frå Gol og Hol under landsmeisterskapen i Stavanger 12. og 13. februar. Berre dei beste i landet frå kvart alderstrinn er
kvalifiserte til denne meisterskapen. Totalt omlag 140 løparar frå heile
landet. Frå Gol var det Sigbjørn Eide
(G16), Hilde Magnetun Brennhovd (J13), Thomas Medgård (G13), Kristian
Eidsberget (G13), Ole Henrik Haugen (G12) og Birgit Eide (J12) som var uttekne til LM.
Delegasjonen frå Gol og Hol
tok i alt med seg 9 medaljar frå LM. I tillegg noterte dei seg også for
mange gode plasseringar og personlege bestenoteringar. Flott å vere
"best når det gjelder".
Sjå
resultatlistene |
|
Meisterskapen vart arrangert i
den nye ishallen "Sørmarka Arena". Ein flott hall med allsidig
aktivitetstilbod til publikum.
Turen til og frå Stavanger
med felles buss for alle frå Gol og Hol var ein suksess. Miljøskapande
og styrkande for samhaldet i Hallingskjær-gruppa. Vi rettar med dette ei
stor takk til sjåfør Hallvar Haugen som losa oss trygt fram og tilbake
på tildels svært smale vestlandsvegar.
|

Her ser vi alle 12 løparane og dei 3 trenarane frå
Hallingskjær (Gol og Hol). Foto: Kari kaupang Eide. |