|
Her frå
medaljeutdelinga på 500 meter der Nille Martha vart landmeister. Foto:
Gunn Kristin Magnetun Brennhovd.
|
Kjempeflott innsats av alle
deltakarane frå Gol og Hol under landsmeisterskapen i Bjugn13. og 14. februar. Berre dei beste i landet frå kvart alderstrinn er
kvalifiserte til denne meisterskapen. Frå Gol var det Nille Martha
Norhaug Faleide (J16), Sigbjørn Eide
(G15), Hilde Magnetun Brennhovd (J12) og Thomas Medgård (G12) som var uttekne til LM.
Delegasjonen frå Gol og Hol
tok i alt med seg 8 medaljar frå LM. I tillegg noterte dei seg også for
fire fjerdeplassar.
Sjå
resultatlistene |