ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

- trekløver frå Gol til Geithus

FLOTT INNSATS I LANDSMEISTERSKAPEN 2009

Her frå medaljeutdelinga på 1500 meter der Nille Martha vart nummer 3. Frå venstre Heidi Ruistuen, Asker, Maiken Nervik, Hamar og Nille Martha Norhaug Faleide, Gol. Foto: Gisle Eide

 

Fin innsats av alle deltakarane frå Gol under landsmeisterskapen på Geithus 14. og 15. februar. Berre dei  beste i landet frå kvart alderstrinn er kvalifiserte til denne meisterskapen. Frå Gol var det Nille Martha Norhaug Faleide (J15), Lars Fivelstad Smaaberg (G15) og Sigbjørn Eide (G14) som var uttekne til LM.

Laurdagen var det svært kaldt på Furumo kunstisbane på Geithus. Det var målt 19,5 minusgrader ved bana om morgonen. Sola kom omlag då stemnet starta og det vart kjempefine forhold denne dagen. Sundagen var det snøvêr og omlag minus 10.

Det vart fleire personlege uterekordar og alle løparane våre gjorde ein kjempeinnsats.

Nille har nesten ikkje hatt istrening denne vinteren og imponerte oss med å ta ein sølv og to bronsemedaljar i stemnet.

Sjå resultatlistene