|
Her har alle 8
hallingløparane samla til trening på bana i Tromsdalen fredagen. F.v.
ser vi trenarane Bjørn Arve Rue og Svein Arne Nymoen. Vidare har vi
Samuel Bozenhard (Hol), Rumar Reinton (Hol), Simen Fivelstad Smaaberg(
Gol), Martin Engene Øyan (Gol), Sigbjørn Eide (Gol), Hege Bøkko (Hol),
Roger Reinton (Hol) og Nille Martha Norhaug Faleide (Gol). Foto: Gisle
Eide
|
Fin innsats av alle
deltakarane frå Gol under landsmeisterskapen i Tromsø 10. og 11.
februar. Berre dei beste i landet frå kvart alderstrinn er
kvalifiserte til denne meisterskapen.
Mykje snø og til tider
utfordrande vêrtilhøve prega landsmeisterskapen dette året. Tett
snøver gjorde at stemnet måtte ha stadige pauser for snørydding. Isen
var likevel etter måten god og mannskapa gjorde ein flott innsats for å
halde bana i stand.
Det vart fleire personlege uterekordar og
alle løparane våre gjorde ein kjempeinnsats. Spesielt spennande vart
duellen mellom dei to golingane Simen Fivelstad Smaaberg og Martin Engene
Øyan på 3000m. Berre vel eit sekund skilte dei i mål. Kjempeinnsats av
løparane og underhaldande for publikum.
Nille Martha Norhaug Faleide
og Sigbjørn Eide oppnådde begge å verte nr. 4 i si klasse.
|