ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

- "jenteklubben" Gol med

FIN INNSATS I LANDSMEISTERSKAPEN 2003

Her har alle 6 jentene frå Gol iført seg dei fine genserane 

som Buskerud skøytekrets hadde skaffa til LM: Bak f.v. 

Line Marie Norhaug Faleide, Elise Haugo og Marit Jorde. 

Framme f.v. Birgitte Jorde, Silje Kristine Norhaug Faleide 

og Ingrid Eide. 

Fin innsats av alle deltakarane frå Hallingdal under landsmeisterskapen på Hamar 15. og 16. februar. Berre dei  beste i landet frå kvart alderstrinn er kvalifiserte til denne meisterskapen. Særleg er talet på kvalifiserte lågt i jenteklassene. I klasse jenter 16 år var det berre 10 i heile landet som hadde klart krava, av desse var 3 frå Gol. 

Det vart fleire personlege rekordar og holingen Håvard Bøkko stakk av med 3 meisterskapstitlar. Elles var det ein jamnt bra innsats i kamp med dei aller beste i landet. 

 

Sjå resultata frå LM på arrangøren sine sider

Restitusjon er viktig. Her ser vi Silje Kristine Norhaug Faleide slappe av mellom løpa.