|
Skøytelandslaget,
både for menn og kvinner, ligg i treningsleir på Gol i tida 26. -
30. januar .
Frå måndag til fredag skal dei norske løparane trene på Glitre
stadion, under leiing av hovudtrenar Peter Mueller. Det norske laget valde
Gol framfor Inzell. Opphaldet er eit ledd i oppkøyringa mot VM på Hamar
7. og 8. februar.
Tysdag var Mueller med på
treninga til dei lokale løparane. Onsdag får dei vere med på
landslaget si trening på Glitre. Inspirerande å vere med "dei
store gutta" på trening.
Torsdag lagar vi til stor
skøytefest på Glitre.
|
 Dei
lokale løparane lytta med stor interesse til landslagstrenar Peter Mueller
under treninga tysdag 27. januar. |