Rekrutteringa i funksjonær-standen i klubben ser heldigvis ikkje ut til å stagnere. Helga 8. og 9. desember 2001 tok 4 kandidatar kurs for dommarar/tidtakarar og 2 gjekk på kurset for startarar. Teoridelen vart avvikla laurdag i klubbhuset på Hallingmo og den praktiske delen foregikk under kretsløpet på Glitre sundagen.
Om det er i fortvilelse over kursdeltakarane at Marcel L. Vanberg tek seg til panna veit vi ikkje - men alle stod til prøva på dei to kursa. |
Kurshaldarar frå Buskerud skøytekrets var f.v. Marcel L. Vanberg (medl. dommerutvalg hurtigløp NSF) og Jan Lokshall. Under den praktiske delen på sundagen hadde dei også hjelp av Ola Stølen frå Gol. |
Klikk for å forstørre bildet |
Kaffipause vart det også tid til under teoridelen på laurdagen. Ein lystig gjeng som kosa seg med kaffi og kaker. |