ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

KRYSTALLCUPEN 2003 - FLYTTA TIL FURUMO

Krystallcupen på skøyter skulle vore avvikla laurdag 18. og sundag 19. januar på Jevnaker. Det milde vêret over Austlandet gjorde at laurdagsløpa vart avlyst og sundagsløpa vart flytta til Furumo kunstisbane på Geithus.
 
Medan den første distansen vart avvikla tidleg på dagen var forholda gode. Mange oppnådde gode tider på 500 meter. Regn, som utover dagen gjekk over i sludd, gjorde forholda tildels svært vanskelege under avviklinga av 1000 meter. Det vart svært tungt for mange og tidene vart deretter.

Her ser vi Martin Engene Øyan under 500 meteren på Geithus. 

Det sosiale er minst like viktig som sjølve idretten. Elise Haugo og Line Marie Norhaug Faleide slappar av i sofaen før 1000-meteren. 

 
Mellom dei gode resultata hallingane oppnådde var det 4 klassesigrar. Hege Bøkko frå Hol vann klasse jenter 10 år, Christoffer Fagerli Rukke frå Hol vann klasse gutar junior C, Elise Haugo frå Gol vann klasse jenter junior B og i klasse gutar junior B vart det dobbelsiger til Hol ved Håvard Bøkko og Kenneth Kleven.

Sjå arrangøren sine resultatlister