Det var påskestemning under kretsmeisterskapet på
Kongsberg. Tilskodarane kosa seg i sola. Nokre hadde leita fram solstolane medan
andre hadde grilling på programmet.
Her
ser vi Line Engene på veg mot sin gullmedalje på 500 meter i KM.
Kretsmeisterskapet i Kongsberg hadde vêrgudane med seg. I tillegg
gjorde arrangørane ein flott jobb med arrangementet.
Det vart medaljedryss for hallingane under KM på Kongsberg 3. mars.
Kretsmeisterskapet vart denne gongen arrangert saman med Rimi-løpet. I
tillegg til mange sølv og bronsemedaljar vart det 5 kretsmeistrar frå
Gol og ein frå Hol.