|


ADMINISTRASJON
BRUKTBUA
NC 8 2012
SAMLINGAR/LØP
SKØYTELINKAR
STYREMØTE
TERMINLISTER
TIL DAGLEG
| | IDRETTSLAGETS DAG - 10. NOVEMBER 2002
Mange av gruppene i Gol IL stilte med fine standar
og aktivitetar på årets Idrettslagets dag.
Skøytegruppa hadde rigga til ein innbydande stand rett innanfor
inngangsdøra i samfunnshuset. Det vert spennande å sjå om det også i år
held til 1. premie i konkurransen med dei andre gruppene i laget.
Publikum kunne her mellom anna
- sjå utstilling av gamle skøyter
- sjå video frå skøytemiljøet/skøyteløp
- høyre radioopptak av gamle skøyteløp
- få info om skøytegruppa sitt arbeid
- studere skøytegruppa sine nettsider på PC
- delta i konkurranse på ballanse-pute
- spele ringspel (på brusflasker)
- sjå sliping av skøyter "live"
 Skøytegruppa hadde fått til ein innbydande og
informativ stand. Allsidig utstilling og høgt aktivitetsnivå gjorde
at mange stoppa ved nettopp denne standen.
|
Mange fann skøytegruppa sin stand
interessant.Utstillinga av gamle skøyter viste at det har vore gått på jern
som er svært ulike dagens moderne klappskøyter. Mange fann det også
interessant å følgje med på korleis eit par hurtigløpsskøyter vert
slipte. |
| Konkurransen på ballanseputer vart eit populært innslag i år også. Her vart det
konkurrert i å halde seg lengst mogeleg på puta - på eitt bein. Mange
ville prøve korleis dette virka. For nokre var det nok med eit par
sekund, medan andre klarte å halde det gåande i minutt etter minutt. I finalen for dei under 15 år var det
Bendik Øye som held ut
lengst. Etter ein knallhard "fight" slo han Martin Engene Øyan.
|
Finale for dei under 15 år.
F.v. Martin Engene Øyan og Bendik Øye. |
Finale for dei over 15 år.
F.v. Håvard Myklebust og Oddbjørn Jorde. |
Det vart også ein spennande finale i klassa over 15 år. Her var det
Håvard Myklebust som held ut lengst. Han fekk likevel hard kamp av Oddbjørn
Jorde. Som vi ser av bildet til venstre tok dei i bruk mang slags
akrobatikk for å halde ut lengst mogeleg.
Dersom nokon trur det er enkelt å stå på ei slik pute i minutt etter
minutt, kan dei sjå føre seg å skulle ballansere på ein mjuk
gele-klump - på eitt bein. |
|