ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

IDRETTSLAGETS DAG - 13. NOVEMBER 2005

Gol IL satsa på å gjere årets idrettslagets dag til ein aktivitetsdag. Hovudvekta var lagt på ulike aktivitetar i salane på Samfunnshuset. Her var det m.a. handballkampar, fotballkampar, turnoppvising og badmintonkampar. Dette etter at dagen hadde starta med gudsteneste i Samfunnshuset.

Som uteaktivitet hadde skøytegruppa og friidrettsgruppa laga til ei aktivitetsløype med postar. Lysløypa rundt Hallingmo vart nytta som arena for denne aktiviteten. Løypa var godt merka og hadde orienteringspostar med klippetang. Med oppmuntringar som "god tur" og "god tur vidare" på plakatar langs løypa vart det ein triveleg tur i haustsola. Dei over 100 deltakarane vart så med i ei trekking av premiar på slutten av dagen.

Over 100 born og vaksne tok del i uteaktiviteten på idrettslagets dag. 

       

Dette mottoet fann vi over påmeldings-standen inne i Samfunnshuset.

Ein flott haustdag, med solskin og temperatur godt over det ein kunne vente, gjorde uteaktiviteten til ei positiv naturoppleving. 

 

 

Skøytegruppa og alpingruppa hadde rigga seg til med standar, medan langrennsgruppa viste skismøring, ved inngangen til Samfunnshuset. Vinteren let vente på seg og det er viktig for desse gruppene å profilere seg ein slik dag. Mange stakk innom standen vår for ein hyggjeleg prat. Vi vonar å sjå desse att på Glitre når kuldegradene sig på.