ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

IDRETTSLAGETS DAG - 14. NOVEMBER 2004

Etter initiativ frå skøytegruppa fekk idrettslagets dag ei anna form i år enn tidlegare. Vi meinte det var på tide med nytenking for å vekke publikum si interesse for dagen. 

Fire av gruppene i Gol IL rigga seg til med aktivitetar utanfor Samfunnshuset. I tillegg til innandørs aktivitetar (gudsteneste, knøttefotballturnering, bruktsal og skismøring) vart det i år satsa på uteaktivitetar.  

Skøytegruppa hadde rigga til sin post ved enden av symjehallen. 

Publikum kunne her mellom anna

  • delta i ein enkel spørjekonkurranse-svara her var lodd i trekking av premiar
  • konkurrere i diskoskast med papptallerken
  • prøve "skøyteløp" med papptallerken på ryggen

 

Leiar i Gol IL, Gudmund Brekko, prøver seg her på diskoskasting med papptallerken. Ikkje noko å seie på hverken stilen eller innsatsen. 

Sjølv om 14. november var ein typisk kjøleg haustdag, la det ingen dempar på dei som besøkte dei ulike gruppene sine postar under idrettslagets dag. 

Barmarksskøyteløp med papptallerken på ryggen var ei ny øving både for deltakarane og arrangørane. Det viste seg mellom anna at stofftype i jakkene var avgjerande.

Ikkje berre enkelt å balansere ein papptallerken på ryggen medan ein går "skøyteløp".