ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

- over 200 deltakarar på

HALLINGDALSKARUSELLEN 2006

Folksamt på Glitre stadion under 1. dag av Hallingdalskarusellen på Gol.

Nokre få minusgrader på morgonen og sol utover dagen møtte dei over 200 løparane som stilde til start på Glitre stadion på Gol laurdag 25. februar. Den perfekt preparerte isen på Glitre skein om kapp med sola. Mange sette personlege rekordar og det vanka godord til arrangørane frå det rekordstore antalet deltakarar. 

 

4 x 400 meter stafett er eit populært innslag. Dei fleste av dei deltakande løparane  var med i stafetten. Sjølv om stemnet vart framskunda med ein time, vart det mørkt før det var tid for stafetten. Det vart arrangert innleiande heat og finale. I år vart det eitt av Fana sine lag som vart vinnarar. På andreplass kom Geithus og nummer tre vart eitt av Stord sine lag i konkurransen.

 


Stafetten er eit populært innslag under Hallingdalskarusellen. Den store deltakinga førte til at stafetten måtte gå i flaumlys. 

Her ser vi rekruttane t.v. Marius Pettersen (Gol) og Henrik Fagerli Rukke (Hol) i kappestrid på 100 m i Hol på sundagen.  

Stord tok tredje napp i vandrepokalen som beste klubb samanlagt for begge dagane. I sterk kamp med Fana gjekk dei sigrande ut av den kampen. Det store antalet veteranar skaffa også dette året Stord dei nødvendige poenga til å verte beste klubb. Vi merka oss også at klubbar som Båstad og Geithus kom høgt opp i denne konkurransen.

Poengoversikta