ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

-topp forhold under

HALLINGDALSKARUSELLEN 2005

Påskestemning for publikum under 1. dag av Hallingdalskarusellen på Gol.

Nokre få minusgrader på morgonen og strålande sol utover dagen møtte dei omlag 130 løparane som stilde til start på Glitre stadion på Gol laurdag 19. februar. Den perfekt preparerte isen vart rekordglatt når sola fekk polert den. Mange sette personlege rekordar og det vanka godord til arrangørane frå dei tilreisande løparane. 

4 x 400 meter stafett. Dei fleste av dei deltakande løparane  var med i stafetten. Det vart arrangert 2 innleiande heat og finale. I år som i fjor var det Stord som vart vinnarar. På andreplass kom Hol og nummer tre vart eitt av Fana sine tre lag i konkurransen.   

 


Stafetten er eit populært innslag under Hallingdalskarusellen. Her ser vi laget frå Hol foreta veksling. 

Her har to glade Stord-damer teke mot vandrepokalen frå overdommar Ola Halvar Jorde. 

Stord tok andre napp i vandrepokalen som beste klubb samanlagt for begge dagane. I sterk kamp med Fana gjekk dei sigrande ut av den kampen. Det store antalet veteranar skaffa Stord dei nødvendige poenga til å verte beste klubb. Gledeleg var det at også Hallingdal kunne stille med ein veteran i årets karusell. Golingen Ove Kristian Moholt gjorde ein respektabel innsats begge dagar.