ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

 

-flotte forhold prega

HALLINGDALSKARUSELLEN 2004

Fint å vere publikum under 1. dag av Hallingdalskarusellen.

-17 grader på morgonen og strålande sol utover dagen møtte dei omlag 100 løparane som stilde til start på Glitre stadion på Gol laurdag 21. februar. Den perfekt preparerte isen vart rekordglatt når sola fekk polert den. Mange sette personlege rekordar og det vanka godord til arrangørane frå dei tilreisanden løparane. 

4 x 400 meter stafett. Dei fleste av dei deltakande løparane  var med i stafetten. Det vart arrangert 2 innleiande heat og finale. Etter at Fana i fleire år har gått sigrande ut av stafetten, var det i år Stord som vart vinnarar.  

 

Klar til start i stafetten. Eit populært innslag under Hallingdalskarusellen.

Kjempesterkt av Stord å stille med så mange seniorar og veteranar.

Stord tok også eit napp i vandrepokalen som beste klubb samanlagt for begge dagane. I sterk kamp med Fana gjekk dei sigrande ut av den kampen. Det store antalet veteranar skaffa Stord dei nødvendige poenga til å verte beste klubb.