ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

skøyteprogrammet

 

Programmet er skrive i Excel Visual Basic for Aplications. Brukarane må ha fullversjon av Excel for å køyre programmet. 

Initieringsrutine (rutine for å definere div. startverdiar)

  • Val av distansar. Programmet ligg inne med 8 standarddistansar.

  • Val av klassar. Standardklassar som definert i skøytehandboka eller brukar kan sjølv tekste klassane. 

  • Val mellom tidsreg. i 10-delar eller 100-delar. 

  • Løpsinfo som vert skrive ut på alle utskrifter.

 

Registrere løparar

  • Lage eigen namnedatabase eller importere namn frå annan database.

  • Ulike funksjonar for å overføre namn frå namnedatabase.

  • Funksjon som lagar løpsoppsettet  (etablerer klassar) ut frå informasjon i deltakarlista. 

 

Trekking

  • 5 ulike trekkemåtar eller måtar å sette saman par på.

  • Programmet viser med fargekode kva for klassar som er trekte.

 

Skrive inn tider

  • Fleksibel rutine der ein navigerer raskt mellom løparane med bruk av piltastar,enter- og tab-tast. Mus kan også brukast.

  • Tider kan  registrerast fortløpande utan å trykke ENTER mellom  min/sek/ tidel/h.del.

  • Ferdig info-tekst kan hentast opp ved hjelp av piltastar.

  • Fargekode viser klassar der tidene er registrerte.

Her ser vi gründeren, Oddbjørn Jorde, i arbeid. Det har vore mange seine nattetimar før den noverande versjonen av GlitreTid vart klar.

 

Utskrifter

  • Startliste

    • kan byggast opp med klassar (ein for ein) i ønska rekkefølge eller ein kan be om sortering etter liste definert i programmet. 

  • Fritekst. 

  • Resultatlister (enkeltdistansar eller samanlagt)

    • kan plukke klassar,ein for ein, til utskrift eller hente ferdig oppsett frå startlista.

    • fritekst.

    • resultat med eller utan tidspoeng.

    • skrive ut samanlagtliste for ein klasse der ein vel kor mange distansar som skal telje i samandraget. 

     

Vil du vite meir om dette skøyteprogrammet er det berre å sende ein e-post til Oddbjørn.