FRAMTIDSKVELD

Skøytegruppa fekk 11. oktober hjelp frå idrettskretsen, ved Jan-Erik Thorberg, til å setje ord på kva vi vil og kva vi trur vi kan få til i framtida.

Som utgangspunkt var tema for kvelden:

  • Skøytegruppa i Gol IL skal ha 100 aktive i løpet av 2003.

Deltakarane var stort sett samde om at dette var ei god målsetting. Ein forutsette då at aktive var alle som er i aktivitet på isen. For å nå dette målet må det gjerast visse endringar og dette la grunnlaget for vidare drøftingar utover kvelden. Desse drøftingane førde så fram til konkrete tiltak og arbeidsfordelingar.

  • Sterke og svake sider i skøytegruppa

Deltakarane arbeidde saman i grupper og kom fram til følgjande:

STERKE SIDER:

-godt miljø

-mange aktive av begge kjønn

-gode treningsforhold (isprep.mm.)

-godt støtteapparat

-gode trenarar (men for få)

SVAKE SIDER:

-få med skøyteutdanning

-gammal bygningsmasse

-lite utstyr

-problem med sponsing (for mange kjempar om dei same kronene

-lite seniorløparar og elitesatsing

 

 

 

 

 

  Jan-Erik Thorberg inspirerte

skøytefolket på Gol til innsats.

 

 

 

 

 

 

 

 

  • FORSLAG TIL TILTAK FOR LETTARE Å NÅ MÅLET
    • kjøpe 30 par skøyter til utleige, evt. i samarb. med skulane
    • aktivitetsleiarkurs
    • breiare marknadsføring
    • godtgjersle til trenar på dei små og den mellomste gruppa
    • materiellforvaltar
    • handlingsplan for anlegg (kunstis og bygg)
    • merke opp hockeybane
    • samarbeidsklubbar i inn- og utland
    • utfordre andre idrettslag i Hallingdal og Valdres til å legge forholda til rette for skøyter
 

Kaffi og kaker vart det også tid til under gruppearbeida.

 
  • FORSLAGA DANNA GRUNNLAG FOR 4 KONKRETE TILTAK:
  1. Utbetring av utstyr/bane og fasilitetar
  2. Aktivitet (tiltak for å auke aktiviteten, nye spennande prosjekt)
  3. Kurs
  4. Marknadsføring/sponsing

Alle deltakarane på framtidskvelden valde så kva konkrete oppgåver dei ville arbeide med framover.

Ein spennande kveld som vi vonar vil gje resultat for skøytefolket og skøyteinteressa.