|


ADMINISTRASJON
BRUKTBUA
NC 8 2012
SAMLINGAR/LØP
SKØYTELINKAR
STYREMØTE
TERMINLISTER
TIL DAGLEG
| | FELLESTRENING PÅ TVERS AV GRUPPENE
Denne hausten har gruppene skøyter, langrenn og alpin hatt felles trening
på Skaga. Med Roger Øye frå alpingruppa i spissen har trenarar frå alle
gruppene samla troppene sine til knallhard grunntrening.
Dei aktive har hatt berre godord å seie om desse fellestreningane. Det vert
eit større treningsmiljø på dei ulike alderstrinna, noko som aukar trivselen
og treningsgleda. Det vert spennande å sjå kva utslag dette har på resultata
til vinteren.
|
Området på Skaga gir høve til allsidig aktivitet. Treningane har
foregått både ute og inne, både "til lands og til vanns". På
denne måten har ein fått eit allsidig treningstilbod med utfordringar
nok til alle.
|

Sjølv
om snøen og mørket kom vart det ikkje slutt på å nytte uteområdet til
treningane. |
Full innsats i salen på Skaga.
|
Gymsalen på Skaga gir høve til mange aktivitetar samtidig. Trening med
ulike øvingar på ulike stasjonar gir god variasjon. |
|
Trappene i hovudbygget, på fleire etasjar, gir høve til øvingar som
"svir" i beina.
|
Her ser vi Simen Fivelstad
Smaaberg hinke i trappa.
|
Tre glade gutar i bassenget. F.v.
Lars Fivelstad Smaaberg, Åsmund Jøtun Fauske og Iver Ransedokken.
|
Særleg mellom dei yngste har avsluttande aktivitet i bassenget vore
svært populært. Dei opp til 10 år har kutta hardkøyret ein halv time før dei
store og avslutta med bading. |
|