|
Skøytegruppa på Gol ville prøve
noko nytt for å trekke folk til skøytebana. I laurdags-Hallingdølen
annonserte vi "familiedag på isen".
....og familedag vart det.
Mange familiar frå fleire bygder i Hallingdal fann vegen til
Glitre på Gol sundag 28. november. Nokre aktivitetar var planlagde
frå arrangørane si side - andre aktivitetar lagde dei frammøtte
sjølve i stand. På denne måten vart det mykje aktivitet og
aktivitet som passa dei fleste.
|
 Trass
ca -10 grader hadde mange familiar funne vegen til Glitre. |