| Det var premiering med vandrepokal og medaljar. Skøytegruppa hadde lagt opp til
klassar både for racerar og for
idealtid. Laget
frå DBC Elite (Oddbjørn Jorde, Per Helge Myklebust og Mona Rust) kom nærast idealtida
(3.41) og vart vinnar av idealtidløpet med 3.39,8. I
stafetten vart det for tredje året på rad siger til laget frå turistbedriftene i Gol.
Nummer to vart utfordrarlaget frå Solstad med Marit Jorde, Birgitte Jorde
og Ingeborg Øynebråten. Vinnarlaget opplyste under premieseremonien at
dei kjøper ny vandrepokal til neste års bedriftsstafett. Skøytegruppa
takkar så mykje. |

Det
var laget frå turistbedriftene i Gol som gjekk av
med sigeren i stafetten. Laget, f.v. Torleif Brekko,
Ove
Kristian Moholt og Arve Rustberggard, tok heim den oppsette vandrepokalen
for tredje år på rad. |