| Det var premiering med vandrepokal og medaljar. Skøytegruppa hadde lagt opp til
klassar både for racerar og for
idealtid. Alle laga gjekk først ein runde kvar (eitt og eitt lag). Laget
frå DBC Elite (Oddbjørn Jorde, Per Helge Myklebust og Jan Olav
Skinnemoen) kom nærast idealtida og vart vinnar av idealtidløpet. I
stafetten vart det ein knapp siger til laget frå turistbedriftene i Gol.
Dei vann med ca 1 meter på førstelaget til Byggmakker. Sidan dei 3
kvinnene som deltok danna eitt lag vart det også utdelt gullmedaljar i
kvinneklassa. |
I
år, som i fjor, var det laget frå turistbedriftene i Gol som gjekk av
med sigeren i stafetten. Laget, som bestod av f.v. Torleif Brekko,
Ove
Kristian Moholt og Arve Rustberggard, får her utdelt vandrepokalen av
leiar i skøytegruppa Birgit Engene.
|