|
Byggmakker
stilte 3 lag til bedriftsstafetten. Eigen heiagjeng hadde dei også. Her
ser vi Henrik Engene Øyan med sjølvlaga plakat. |
Skøytegruppa i Gol idrettslag arrangerte også i år
bedriftsstafett på skøyter på Glitre stadion.
Stafetten vart arrangert onsdag 19. februar. Stjerneklårt vêr og nokre
få kuldegrader danna ei kjempefin rame kring arrangementet.
Det viktigaste med stafetten er å møtast og ha det gøy på isen.
Einaste kvalifiseringskravet for å delta er å vere i stand til å gå 400
meter på skøyter. Kvart
lag består av 3 personar.
|