ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

GØY PÅ ISEN

                                                                                 

                                                                          BEDRIFTSSTAFETT PÅ SKØYTER

 

 

 

måndag 1. mars 2010 kl. 18.00

 

Den årvisse bedriftsstafetten nærmar seg. For dei som gjerne vil friske på skøyteteknikken kan vil tilrå trening på isen torsdagane kl. 18.00 eller bruk av skøytebana når de har høve til det.

Skøytegruppa har no eit rikt utvalg i skøyter til billeg utlån og det er mange vaksne som no "har skøyter på beina". Tida synest moden for ei

"friskliv-gruppe" med fellesstart og valfri løpslengde. Bedriftsstafetten er ein naturleg del av dette.

 

Føremålet er å møtast og ha det gøy på isen.

 

Det vert konkurrert i to klassar (laga kan delta i begge klassane):

1.    Idealtid-klasse med vandrepokal for beste kostyme

2.    ”Racer”-klasse med vandrepokal

 

Kvart lag skal ha 3 personar. Dersom de ikkje greier å stille fullt lag på ein arbeidsplass, kan de melde dykk på og få vere med på samlelag.

Skøytegruppa håper at mange bedrifter, kommunetilsette, statstilsette og politikarar stiller lag.

På store skøytestemne er det viktig med ein god heiagjeng. De som ikkje vil gå på skøyter er difor inviterte til å vere med som heiagjeng.

Det vert kaffi og vaflar å få kjøpt i klubbhuset på Glitre.

Påmelding av lag til Ola Halvar Jorde snarast på

·        tlf. 90556398

·        epost: ohjorde@gmail.com

 

Helsing skøytegruppa i Gol IL (www.golil.no - skøyter)