ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NM 2009 ALLROUND

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

Gøy på isen 

 

 

 

  Bedriftsstafett på skøyter
 

 

 

Den årvisse bedriftsstafetten vert arrangert måndag 25. februar 2008. For dei som gjerne vil friske på skøyteteknikken kan vil tilrå trening på isen tysdag kl. 1800. Ta også gjerne med heile familien og kom på isen torsdagane kl. 18.00 eller bruk skøytebane når de har høve til det.

Føremålet er å møtast og ha det gøy på isen.

Det vert konkurrert i to klassar (laga kan delta i begge klassane):

1.              Idealtid med vandrepokal for beste kostyme.

2.              ”Racer”-klasse med vandrepokal.

Kvart lag består av 3 personar i båe klassane.  Dersom de ikkje greier å stille fullt lag på ein arbeidsplass, kan de melde dykk på og få vere med på samlelag.

Skøytegruppa håper at mange bedrifter, kommunetilsette, statstilsette og politikarar stiller lag.

På store skøytestemne er det viktig med ein god heiagjeng. De som ikkje vil gå på skøyter er difor inviterte til å vere med som heiagjeng. 

Det vert kaffi og vaflar å få kjøpt i klubbhuset på Glitre.

PÅMELDING AV LAG SKJER TIL OLA HALVAR JORDE SNARAST.

TLF. 90556398  E-POST: ohjorde@sensewave.com