|
|
Den årvisse bedriftsstafetten vert arrangert måndag 19. februar 2007. For dei som gjerne vil friske på skøyteteknikken kan vil tilrå trening på isen tysdag kl. 1800. Ta også gjerne med heile familien og kom på isen torsdagane kl. 18.00 eller bruk skøytebane når de har høve til det. Føremålet er å møtast og ha det gøy på
isen. Det vert konkurrert i to klassar (laga kan delta i begge klassane): 1. Idealtid med vandrepokal for beste kostyme. 2.
”Racer”-klasse
med vandrepokal. Kvart lag består av 3 personar i båe klassane. Dersom de ikkje greier å stille fullt lag på ein arbeidsplass, kan de melde dykk på og få vere med på samlelag. Skøytegruppa
håper at mange bedrifter, kommunetilsette, statstilsette og politikarar stiller
lag. På store skøytestemne er det viktig med ein
god heiagjeng. De som ikkje vil gå på skøyter er difor inviterte til å vere
med som heiagjeng. Det vert kaffi og vaflar å få kjøpt i klubbhuset på Glitre. PÅMELDING AV LAG SKJER TIL OLA HALVAR JORDE SNARAST. TLF.
90556398
|