ADMINISTRASJON 

BRUKTBUA                 

NC 8 2012

SAMLINGAR/LØP

SKØYTELINKAR

STYREMØTE

TERMINLISTER

TIL DAGLEG

 

 

-dopingfri idrett

BEDRIFTSSTAFETTEN 2002

Vegvesenet sitt lag var uniformert med refleksvestar. Godt synlege og utan tvil god reklame for bruk av refleks. Peik på biletet og sjå vestane "fungere". 

Gol Reisemål og Skøytegruppa i Gol idrettslag arrangerte også i år bedriftsstafett på skøyter på Glitre stadion.

Stafetten vart arrangert onsdag 27. februar.

Det viktigaste med stafetten er å møtast og ha det gøy på isen.  Einaste kvalifiseringskravet for å delta er å vere i stand til å gå 400 meter på skøyter. Kvart lag består av 3 personar. 

 

Det var premiering med vandrepokal og medaljar til dei tre beste (som i OL).

Det er viktig å merke seg at dei verksemdene som stiller lag både i skøytestafetten og i Hallingrittet på sykkel i juni vil få ekstrapremie. 

Formann i skøytegruppa Ola Halvar Jorde applauderer vinnarane frå Vianor. Dei fekk gullmedaljar og tok med seg vandrepokalen til odel og eige. 

Målfoto mellom laga frå DBC og Brannvesenet. Paul Lie frå Brannvesenet slår Per Helge Myklebust på målstreken og sikrar sølvmedaljen.

I alt seks lag tok del i stafetten i år. Seks lag med i alt 18 menn. Vi sakna innslag av kvinner på dei ulike laga. Stafetten er i hovudsak leik og moro - ikkje blodig alvor.

Vi vonar dei mange som hadde møtt fram som tilskodarar er med på å auke kvinnedelen i neste års stafett.