|
Gol IL skøytegruppaÅRSMELDING 2001 |
Styret si samansetning:
Leiar: Ola Halvar Jorde
Nestleiar: Vidar Haugo
Sekretær: Anne Gerd Jorde
Kasserar: Inger Berit Myklebust
Styremedlem: Knut Idar Engene
Styremedlem: Birgit Engene
Varamedlem: Reidmar Faleide
Ungdomsrepr: Håvard Myklebust
Varamedl: Marit Jorde
Rekruteringsansv.: Gisle Eide
Det har vore 6 styremøter og det er handsama 49 saker.
Medlemer i skøytegruppa: (i parentes tal frå 2000)
Totalt medlemstal: 107 (89)
Medl. over 17 år: 41 (45)
Medl. under 17 år 66 (44)
Konkuranseløparar Skøyteskule Totalt
Menn 11 (10) 25
(16) 36 (26)
Kvinner 19 (14) 16 ( 7)
35 (21)
Gol skøytegruppe er ein av dei største i landet på jentesida.
Trenarar
Hovudtrenar frå 10 år og oppover: John Ivar Kristensen
Over 12 år: John Ivar Kristensen.
10 -12 år + skøyteskule:
Ola Halvar Jorde
Knut Idar Engene
Gisle Eide
Vidar Haugo
SAMLINGAR FOR LØPARANE
19.-20. mai: Barmarksamling i Drammen
8 løparar og 2 foreldre var med.
16. -17. juni: Overnattingstur i telt ved Garnås.
Samling for løparar frå 10 år. 12 løparar frå Gol samt 1 løpar frå Hol
deltok saman med to trenarar frå Gol.
24. - 28. juni: Sykkeltur Gol- Rødberg - Kongsberg - Notodden - Skien
-Larvik.
Håvard og Marit frå Gol og Sigbjørn frå Hol var med på denne turen.
3. - 5. august: Sommarisen i Vikingskipet
3 løparar og trenar var med.
1. - 2. september: Haustsamling på Gol.
ASK, Hol og Gol møttest på sin årlege samling. Laurdag var det
barmarkstrening og om kvelden var det grilling for løparar og foreldre.
Søndag var det fjelltur på Skogshorn. Om lag 40 løparar deltok denne helga.
8. - 9. september: Kretssamling i Vikingskipet.
Vi reiste på fredag og overnatta på Budor Turisthytte i Løten.
Det vart to fine skøytedagar i "skipet" med 11 løparar frå Gol +
foreldre og søsken( til saman ca 25 deltakarar frå Gol.)
3. - 7. oktober: Istrening i Vikingskipet.
Dei eldste løparane (4 stk) + trenar.
19. - 21. oktober: Istrening i Vikingskipet.
Dei eldste løparane var på nytt i Vikingskipet for å trene. Denne gongen
deltok 5 løparar + trenar.
2. - 4. november: Issamling på Geithus.
Det var 5 løparar + trenar som deltok.
Denne hausten fekk vi is forholdsvis tidleg. 20. november vart dei fyrste
skøyteskjæra tekne på Glitre.
TURAR
20. - 21. januar: Busstur til Krystallcupen på Hønefoss/Jevnaker.
Skøytegruppa leigde buss og Vidar køyrde. Vi var 30 golingar og 8 holingar som
var med. Vi overnatta på Ringerike Hotell.
Dette var ein svært vellykka tur.
17. - 18. februar: Landsmeisterskapen i Larvik.
6 løparar frå Gol var teke ut til å delta i Landsmeisterskapen.
Det vart eit flott meisterskap med mange fine resultat.
23. -25. februar: "Rådeløpet" i Vikingskipet.
I år 2001 vart dette som tidlegare år ei fin familiehelg. Løparane
"persa" og foreldra heia!!!
29.juni: Skøytetak for kreftsaka.
Fleire frå skøytegruppa i Gol stilte på Geilo denne fredagskvelden i samband
med Per Sandbakken og Bjørg Eva Jensen sin aksjon for kreftsaka. Dei gjekk på
rulleskøyter frå Bergen til Drammen. På fleire stader der dei gjekk forbi,
vart det laga arrangement. Mange fekk prøve rulleskøytene denne kvelden.
23.september: Hausttur for heile familien.
I år gjekk turen opp frå Rotneim til Ursdalen - Breidokk - Jøta og ned til
Tuppeskogen. Det var fint vær og ein fin gå-tur.
KURS/UTVIKLINGSARBEID
· John Ivar Kristensen var på trenarkurs i Vikingskipet 3. - 5. august.
Instruktør var
Nancy Swider Peltz frå USA.
· Ola Halvar Jorde var på overdommarkurs i Skien 24. -25. november. Instruktør var Knut Ludahl.
· Kretsen arrangerte dommar/tidtakarkurs på Gol 8. - 9. desember. Her deltok Gol med Birgit Engene, Knut Idar Engene, Gisle Eide og Anne Gerd Jorde.
· Kretsen arrangerte startarkurs på Gol 8. -9. demsember. Her deltok Ola Halvar Jorde og Per Helge Myklebust.
· Skøytegruppa i Gol arrangerte "Framtidskveld"
11. oktober på klubbhuset på Glitre.
Jan Erik Thorberg frå Buskerud Idrettskrets hadde opplegget denne kvelden.
Det deltok 3 aktive løparar, 1 trenar og 8 foreldre/tillitsvalde.
Det vart ein gjennomgang av tilstanden i Gol skøytegruppe, kva som er bra og
kva som kan gjerast betre. Etterpå vart det sett opp forslag til tiltak for
utvikling av klubben.
Det kom fram at det er stor semje om at det er eit godt miljø i klubben og gode
treningsmuligheiter (anlegg og trenar).
Det som vart nemnt flest gonger av kva som kan gjerast betre er å få meir
sponsorar og støtte frå kommunen samt å få fleire trenarar/aktivitetsleiarar
for dei minste og mellomgruppa.
Fleire av tiltaka som vart foreslege er alt gjennomført som blant anna:
- innkjøp av skøyter til utleie
- oppmerking av 200 meters bane
- marknadsføring (Internett)
· Besøk av landslagstrenar og
representant frå Skøyteforbundet
15. oktober hadde vi besøk av landslagstrenar Geir Karlstad og Øystein Haugen
frå Skøyteforbundet. To deltakarar frå Hol var med og 6 frå Gol. Dette var
eit møte for trenarar og leiarar. Dei som kom, ville sjå korleis det stod til
med klubbane rundt om i landet. Det skulle bli betre kontakt mellom klubb og
forbund. Database for treningsprogram, felles testing av løparar osv .var tema
som vart drøfta.
Organisasjonsstrukturen av skøyteforbund, skøytekretsar og klubbar blir
vurdert endra. I denne samanhengen er Gol aktuell som eit aktuelt
kompetansesenter for vår region. Møtet vart svært positivt og vi håper på
fleire samankomster som dette.
EIGNE ARRANGEMENT
6 klubbløp 40 - 60 deltakarar
2 kretsløp 40 og 30 deltok
Hallingdalsmeisterskapet 38 løparar
Skøytesportens dag 45 deltakarar
Hallingdalskarusellen (nasjonalt løp) 81 løparar
Bedriftsstafett 7 lag med 3 personar på kvart lag
Vi hadde mange vellykka arrangement i år 2001.
Vi kan blant anna nemne:
Hallingdalskarusellen: Svært god is og nesten alle sette utandørs "persar". Det er gøy at så mange frå Vestlandet deltek.
Skøytesportens dag: Vi hadde fellesstart for både store og små. Alle kunne
gå inntil 5000 m. Ei takk til Pers for Ttropicanabillettar som vart sponsa til
uttrekte deltakarar.
Bedriftsstafett: Det er tredje året på rad at bedrifter i Gol vert utfordra
til å gå på skøyter og at det vert arrangert skøytestafett. I år stilte 7
lag til start. Det var mykje moro og ein vellukka kveld. Hallingdal Dekkservice
har nå to napp i vandrepokalen. Dei andre bedriftene må leggja seg i
hardtrening til stafetten 27. februar.
Idrettslagets dag: Skøytegruppa deltok på gruppetorget på Idrettens dag i Gol og vart kåra til beste stand nok ein gong. Vi hadde dette året konkurranse i å stå lengst på ei balansepute som løparane brukar i trening. Dette vart svært spennande for publikum å sjå på. Det var mange flinke deltakarar.
INNSATSEN TIL LØPARANE I SESONGEN 2000/2001
Senior Ester Stølen NM- sprint Senior sølvmedalje
Junior A Håvard Myklebust NM Junior allround nr. 9
NM Junior enkeltdistanser 500m nr. 7
1000m nr. 9
1500m nr. 9
3000m nr. 7
5000m nr. 9
Junior B Martin Haugo LM 500 m nr. 37 (46) 1000 m nr. 30 (45) 1500 m nr. 35
(46)
3000 m nr. 30 (42)
Rådeløpet nr. 21 (41)
Junior B Hans Kristian Jorde LM 500 m nr. 29 (46)
1000 m nr. 17 (45)
1500 m nr. 13 (46)
3000 m nr. 10 (42)
Rådeløpet, nr. 11 (41) kretsrekord 1500 m 2.09.58
Junior C Elise Haugo LM 500 m nr. 11 (18)
1000 m nr. 14 (18)
1500 m nr. 13 (18)
Rådeløpet nr. 9 (18)
Junior C Marit Jorde LM 500 m nr. 14 (18)
1000 m nr. 12 (18)
1500 m nr. 8 (18)
Junior C Line Marie N. Faleide LM 500 m nr. 12 (18)
1000 m nr. 18(fall)(18)
1500 m nr. 15 (18)
Rådeløpet nr. 11 (18)
12 år Line Engene LM 500 m nr. 7 (10)
1000 m nr. 8 (10)
Rådeløpet nr. 6 (13)
11 år Birgitte Jorde Rådeløpet nr. 5 (19)
11 år Silje Kristine N. Faleide Rådeløpet nr. 7 (19)
11 år Ingrid Eide Rådeløpet nr. 12 (19)
10 år Mari Engene Rådeløpet nr. 22 (40)
10 år Lise Marie Jorde Rådeløpet nr. 38 (40)
10 år Martin Engene Øyan Rådeløpet nr. 17 (53)
10 år Simen Fivelstad Smaaberg Rådeløpet nr. 30 (53)
9 løparar frå Gol vart teke ut til interkretskampen som gjekk i
Vikingskipet 1.- 2. desember 2001.
(11 år - juniorB). Buskerud vart nr. 2 i dette stevnet.
Mikkel Stølen er landslagstrenar for allroundløparane på skøyter.
Ester Stølen er denne sesongen kome inn att på skøytelandslaget for damer.
Bjørg Merete Hjallen er ungdomsrepresentant i Norges Idrettsforbund.
Håvard Myklebust er styrerepresentant i Buskerud Idrettskrets ungdomskomite.
STARTARAR
· Vidar Haugo er dette året fått opprykk frå startarnivå 4 til nivå 3.
· Ola Stølen er startar i nivå 2.
DUGNADSINNSATS OG ANNAN AKTIVITET I KLUBBEN
· Som tidlegare år har gruppa hatt dugnadsvask på klubbhuset og speakerbua
på Glitre.
· Klubben har også arrangert 2 kakelotteri på Kremmartunet dette året..
· I oktober høvla og valsa Vidar banen så alt skulle vera klart til islegging. Då november kom med kuldegrader, var Vidar på Glitre til alle døgnets tider og vatna. Gol er alltid av dei fyrste som får naturis i landet. Vidar gjer eit fantastisk arbeid på Glitre og hans innsats med banen er uunnverleg. Ein stor takk til banemeisteren vår.
· Gol er på nytt sett på skøytekartet via internettsida til Gol IL.
Skøytegruppa var den fyrste gruppa i idrettslaget som kom på nettet takka vera
Gisle Eide. Han har gjort ein stor jobb med denne internettsida og følgjer opp
arbeidet dagleg på ein glimrande måte. Helge Fivelstad hjelper også til i
dette arbeidet. Han har hovudansvaret i langrennsgruppa. Ein stor takk til båe
to.
For å lykkast vidare i dette arbeidet er dei ansvarlege avhengige av innspel og
stoff til sidene.
· Oddbjørn Jorde har gjennom dei tre siste åra utarbeida eit nytt
dataprogram for skøyteløp.
Programmet er under fortsett utvikling og vi håper det kan bli eit av dei beste
i landet på sikt.
Ein stor takk til Oddbjørn.
Utover dette er det mange som gjer ein stor dugnadsinnsats for gruppa gjennom mange ulike oppgåver. Styret vil få takke alle foreldre og andre frivillige som har gjort ein jobb på Glitre i året som har gått. Utan dugnad hadde vi ikkje kome langt.
NM junior - allround 2003
Dette meisterskapen vart lagt til Gol i skarp konkurranse med to andre klubbar.
Det er svært positivt å få tildelt eit nytt meisterskap, men dette inneber
mykje dugnadsjobbing med planlegging og tilrettelegging i håp om at det skal
bli like vellykka som i 1996. Vi tek utfordringa og vil på nytt setja Gol på
skøytekartet.
SPONSORAR
Skøytegruppa vil få takke Storefjell, Hallingkraft og Gol Bakeri for den
positive sponsorstøtta. Vi vil også få takke Felleskjøpet for lån av
traktor.
Vi må heller ikkje gløyme Aslak Golberg for alle maskinene som står til
disposisjon når skøytegruppa har bruk for dei. Takk for lånet!!!
Ein takk også til Kåre Dramstad som kjem innom og brøyter ut kantane når det
blir for mykje snø.
FRAMTIDA
Planarbeidet for nytt garasjeanlegg med speakerbu er ei svært viktig
arbeidsoppgåve for 2002.
Skøytegruppa ser lyst på neste sesong med mange ivrige løparar og mange ungar
på skøyteskulen. Velkomne til eit godt skøytemiljø på Glitre.
Arrangement 2002:
5.-6 januar: Norges Cup junior
6. februar: Skøytesportens dag
23. februar: Hallingdalskarusellen
27. februar: Bedriftsstafett
September: Treningssamling saman med ASK.
Hausttur.
Gol 19. januar 2002
Styret for skøytegruppa