NM 2009

Bankett

GlitreTid

Linkar

Lotteri

NM-hotell

NM-plakat

Om oss

Rekordar

Start-/resultatlister

Stemneinfo

Vêret på Glitre

Webkamera Gol

 

 

 

skøyteprogrammet

GlitreTid er utvikla av Oddbjørn Jorde frå Gol. Han har gjennom mange år brukt store delar av fritida si på dette. Programmet har dei funksjonane ein treng ved avviklinga av eit skøytearrangement.

Programmet er skrive i Excel Visual Basic. Brukar må ha Excel 2003 for å køyre programmet.

Slik ser opningsbiletet ut i versjon 4.4.

Initieringsrutine

  • Val av distansar. Programmet ligg inne med 8 standarddistansar.

  • Val av klassar. Standardklassar som definert i skøytehandboka eller brukar kan sjølv tekste klassane. 

  • Val mellom tidsreg. i 10-delar eller 100-delar. 

  • Løpsinfo som vert skrive ut på alle utskrifter.

Registrere løparar

  • Løparnamn kan skrivast inn direkte, hentast frå namnedatabase eller importerast frå tidlegare løp.

  • Sortering av løparar (etablering av klassar)  kan gjerast etter 3 ulike metodar:

    • klassedelt metode som sorterer løparane etter både kjønn, distansar og klassar.

    • kjønnsdelt metode som sorterer løparane etter kjønn og distansar. Høver godt for  Norges Cup arrangement.

    • distansedelt metode som berre sorterer etter distansar.

Trekning

Programmet kan trekke både manuelt og automatisk og handterer seeding med inntil 2 grupper.

Registrere tider

Her ser vi gründeren, Oddbjørn Jorde, i arbeid under eit løp på Gol i 2002. Han har gjort tildels store endringar/betringar i programmet sidan den gong.

  • Fleksibel rutine der ein navigerer raskt mellom løparane ved bruk av mus, piltastar, enter- og tab-tast.

  • Tider kan registrerast både manuelt og elektronisk.

Elektronisk tidtaking og stadiontavler

GlitreTid samarbeider med Robito om elektronisk tidtaking. Det er laga ei kopling mellom programmet GlitreTid og det elektronisk tidtakingsystemet SEIKO CT-1000. Systemet kan brukast både til parstart og kvartettstart. Programmet har integrert kopling mot 2 typar stadiontavler, Vikingskiptavla og Leangentavla. Under løpet blir passeringstider og rundetider vist fortløpande både på stadiontavla og på eigen skjerm for speaker. Ved målgang blir sluttid registrert, og både rangeringslista for løpande klassse og samanlagtlista blir umiddelbart oppdatert. Det elektroniske tidtakingsystemet er no

oppgradert med trådlaust samband slik at rigging av utstyret kan skje raskt.

Utskrifter

  • Utskrift av deltakarlister.

  • Utskrift av startlister

  • Utskrift av resultatlister. Her kan ein skrive ut lister for enkeltdistansar, samanlagtlister, lister med og utan tidspoeng eller ein kan be om utskrift av passeringstider og rundetider.

Robito og GlitreTid utfører tidtakingsoppdrag for arrangøren. Ta kontakt med Kjell eller Oddbjørn.

Vil du vite meir om dette skøyteprogrammet eller er du interessert i ein demoversjon, er det berre å sende ein e-post til Oddbjørn.

Hovudsponsor NM:

 

NM-hotell og delsponsor:

Delsponsorar:

GOL KOMMUNE

Hovudsponsor Gol IL:

 

 

  NM-arrangør: Gol IL skøytegruppa. NM-sidene er laga og vedlikehaldne av: Gisle Eide Sist oppdatert:  30.04.2009 14:03.