| Måndag 15. oktober fekk skøytemiljøet i Hallingdal
besøk frå skøyteforbundet. Landslagstrenar Geir Karlstad og nytilsett
utviklingssjef Øystein Haugen reiser for tida rundt i landet for å
kartleggje nosituasjonen i skøytenorge.
På Gol møtte dei trenarar og representantar for skøytegruppene i Gol og Hol. Det vart ein nyttig kveld med god kommunikasjon mellom grunnplanet og skøyteforbundet. Informasjon frå klubbane om korleis vi driv i Hallingdal og informasjon frå Karlstad/Haugen om toppidretts-satsing. Trenarane nytta høvet denne kvelden til å drøfte "treningsfilosofi" og hente gode råd frå ekspertane. |
![]() |