|
Det vart eit godt gjennomført arrangement med gode isforhold og mange
gode tider. Her merka vi oss særskilt Christoffer Fagerli Rukke frå Hol
sin 1000 m på 1.17,3 og Odd Bohlin Borgersen frå Geithus si tangering av
Ådne Søndrål sin banerekord på 3000 m med 4.08,8.
|
 Her
ser vi Gol sin eigen deltakar i veteranklassen Ove Kristian Moholt på veg
mot mål på 1500 meter (peikar du på biletet får du sjå eit glimt av
tredjerunden hans). Kjempefin innsats (foto: Helge Fivelstad). |